I EVIGHETENS PERSPEKTIV

Messiaens klassiske verk i gripande framføringar.

STAVANGER AFTENBLAD
Lørdag 22. November 2008

MESSIAEN-FESTIVALEN
Stad: Stavanger domkirke
Kersti Ala-Murr, sopran, Erling Ragnar Eriksen, piano, Håkon Vestly, klarinett, Jan Bjøranger, fiolin og Liv Opdal, cello

Rasmus Reed tekst (forkortet)

På gårsdagens konsert var det lokale musikarar som framførte to av komponistens sentrale verk. Dette er musikk som for lenge sidan har fått sin rettmessige plass i det klassiske standardrepertoaret, men som likevel ikkje er så alt for ofte å høyre. ”Kvartett til tidenes ende” vart framført av fire av lærarane på Universitetet, og ”Poeme pour Mi” av Kersti Ala-Murr frå Estland, nå master-student ved universitetet.
Messiaen skreiv både tekst og melodi til dei to sangsyklusane ”Poeme pour Mi” til si første kone som hadde kjælenamnet Mi. Her er inderlege kjærleiksærklæringar med sterke innslag av religiøse og naturmystiske tilknytingspunkt. Ala-Murr viste seg som ein moden songar med sikker smak og godt grep på det krevjande stoffet. Ho har ei stor og flott stemme, spesielt i det øvre register, og framførte songane med stor musikalitet, innleving og overbevisande formidling.
Erling Ragnar Eriksen akkompagnerte Ala-Murr, sikkert og med stort nærvær, og var også ein av dei fire i kvartetten. Kvartetten med tittel henta frå Johannes openberring vart første gong framført i ein tysk fangeleir der alle dei fire musikarane var krigsfangar, og forholda under konserten var mildt sagt miserable.
Dei fire utøvarane sto for ei glimrande framføring som greip tak i publikum og gjorde djupt inntrykk.